Reduserer utslepp av klimagassar: Eit forbod mot fossil gass til oppvarming på byggjeplassar kan kutte utslepp som svarer til CO2 frå 15 000–20 000 fossilbilar i året. Bilete frå bustadbygging på Helsfyr i Oslo. Foto: Kjersti D. Moxness, Miljødirektoratet. Miljødirektoratet.

Fossil gass til byggvarme kan bli forboden

Miljødirektoratet sender på høyring eit forslag om forbod mot bruk av fossil gass til oppvarming på byggjeplassar.

– For å nå klimamåla må det gjennomførast tiltak i alle samfunnssektorar, og utfasing av fossil gass til byggvarme ser ut til å vere ei ganske lågthengande frukt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Finnes klimavennlege alternativ

Oppføring og rehabilitering av bygg krev ofte oppvarming til til dømes herding av betong, frostsikring, tørking, fuktfjerning og klargjering for målearbeidar. Bruk av fossil gass til byggvarme gir årlege utslepp på 30–40 000 tonn CO2. Dette svarer til årlege utslepp frå 15 000–20 000 fossilbilar.

– Utgreiinga til Miljødirektoratet viser at det finst meir klimavennlege alternativ til fossil gass til byggvarme, som elektrisitet, fjernvarme, varmepumper og ulike former for bioenergi. Den ekstra kostnaden ved å ta desse i bruk vil utgjere ein svært liten del av totalkostnadene for bygget, seier miljødirektør Hambro.

Oppmodingsvedtaket som er bakgrunnen for oppdraget, foreslår iverksetjing i 2025. I høyringa blir forbodet foreslått å tre i kraft frå 1. juli 2025, alternativt frå 1. januar 2026.

Ønske frå Stortinget

Bakgrunnen for forslaget er at Stortinget i 2023 bad regjeringa greie ut og fremje forslag om forbod mot bruk av fossil gass i byggvarme, med mål om at forbodet skal tre i kraft i 2025. Forslaget er også omtalt i regjeringa si klimastatus og -plan. Klima- og miljødepartementet gav Miljødirektoratet oppdraget med å greie ut konsekvensane av forbodet og formulere forslag til forskriftsendring. I arbeidet har Miljødirektoratet fått innspel frå Noregs vassdrags- og energidirektorat og Reguleringsmyndigheita for energi.

Forslaget omfattar ikkje bruk av fossil gass til oppvarming av bygningar, eller bruk av gass til oppvarming på anleggsplassar for andre konstruksjonar som bruer og veg.

Høyringsfristen er 16. august. 

Eitt av mange tiltak

Bygg- og anleggsverksemd, inkludert anleggsmaskiner og vegtransport, fører til utslepp av 2,1–2,2 millionar tonn CO2 årleg. Det svarer til 4,5 prosent av klimagassutsleppa i Noreg. Bruk av fossil gass til byggvarme utgjer ein liten del av dette, men forslaget er eitt av mange grep som vil redusere dei samla utsleppa frå sektoren.

Ulike klimatiltak er sett i verk dei siste åra, og Miljødirektoratet jobbar med fleire oppdrag om verkemiddel for å redusere utsleppa frå byggje- og anleggsplassar.

Abonnèr i dag

Du får rett til å publisere egne saker (moderert), tilgang til “+” saker og etterhvert få tilgang til planlagt fordelsklubb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *